Rekord på medaljar i 2023
Publisert 19/01/2024

– Tidlegare har eg gjerne måtta lokka frisørane mine med på konkurransar, men no "lokkar dei seg sjølve", ler dagleg leiar Evy Lunde hjå Capilli.

I 2023 vart det rekord på medaljar for Capilli-frisørane med heile seks medaljar til saman på dei to meisterskapa Bergensmesterskapet (BM) og Norgesmeisterskapet(NM). Og som om ikkje det var nok tok laget sølvmedalje i VM!

BM 2024 brakar laus 27. januar, og denne gongen skal alle frisørane på Capilli vera med. I mars vert det NM i Lillestrøm.

– Det er kult at dei er så ivrige og klarar å prestera på dette nivået, medaljar i slike konkurransar kjem jo ikkje dalande frå himmelen. Det krever mykje tid og øving for å bli så god. I tillegg til eigenøving på fritida set me av fleire kveldar med øving i salongen eller på gymnaset i forkant av slike konkurransar for at dei skal bli skikkeleg trygge på det dei skal gjennomføra, fortel Evy.

Det kostar både pengar, tid og energi og delta så aktivt i konkurransar, men Evy er heilt klar på at det er verdt det.

– Det er så mange gode ting med det: Du får intensiv øving i handverket, fagleg påfyll, du vert eksponert for dei nye trendane og du lærer å vera effektiv og jobba i team. Du får ein god fagleg base som gjer deg trygg i jobben vidare i karrieren, og om ein vinn medaljar kan dette gi ein boost på sjølvtilliten og eit bevis på at "dette kan eg", meiner Evy.

– I tillegg er det sunt og komma seg ut av salongen ein gong i blant, og oppleva noko litt anna, sosialt og utfordrande. Slik er det jo i alle jobbar, at det kan verta einsformig i lengden, og då er det viktig å finna aktivitetar som kan gje ny input og inspirasjon, seier den daglege leiaren.

Dei fleste frisørsalongar satsar ikkje like hardt på konkurransar, og det finst sjølvsagt mange ulike vegar å gå for å verta ein god frisør. Men Evy slår altså eit slag for konkurranseklypp, sjølv om frisyrene ein lagar der ofte er litt utanom det vanlege.

– Konkurransefrisyrene ligg ofte langt frå det vanlege kundar vil ha, men eg tenker at det er litt som med catwalk'en i moteverda: Ja, dei færraste vil gå kledd akkurat slik, men nokre element frå catwalken ender opp med å prega dei "vanlege" motene.

Om det er andre frisørar i bygda eller regionen som vil satsa meir på konkurransar og vera med på øving, så er det berre til å ta kontakt i følge Evy.

– Det er kjekt å vera fleire, så det er berre til å gje meg ein lyd viss nokon vil hiva seg med!

Flere artikler